Birkeland rundt

Det var mykje folk i kjerko i dag med presentasjon av konfirmantane og dåp av presten si dotter – Lydia. Søndagens tekst var frå Johannes 4 om kvinna som kom og til Sykarsbrønnen for å henta vatn på eit tidspunkt då ho ikkje ville treffa andre – for ho var avvist og ville ikkje treffa dei andre landsbykvinnene fordi ho var ei dei snakka om, men ikkje med. Der sat Jesus medan disiplane var i landsbyen og handla mat. Møtet hennar med Jesus ,blei eit vendepunkt, for han såg henne som den ho var utan å avvisa. Noko nytt kunne ta til.

Eg hadde planlagt ein tur til Løyning ved Øvre Myssa, men det var for varmt til å labba i heio, så det blei sykkeltur rundt Birkeland og Åvendal etter at eg hadde fått fårikålgryta på kog og avtalt med Randi at eg skulle ringa når eg kom til Selebø så ho kunne setje på poteane.

Eg har sykla denne rundløype mange gonger, men det er alltid noko nytt å sjå. Eg har ein ståande invitasjon om ein kaffestopp i Stien, men på grunn av fårikålen, må eg venta med han.

Iglekjødno inviterer ikkje meg til bading med det navnet.

Vågan er ein stad eg alltid tek ein stopp kor Nordsjøen møter holmane som verner sjølve vågen. Utaskjærs stevner to seilbåter mot nord for fulle segl og inne i vågen ligg ei hytte som ikkje treng plenklyppar. På fjellveggen står ein anonym plakett og fortel viktig norgeshistorie om dert som skjedde her då Altmark passerte langs kysten for å søka havn i Jøssingfjor. Vegen langs Vågan og til Nesvåg ble til som nødsarbeid med brua inst i vågen som eit harmonisk smykke.

Rekka med dei gamle, grå sjøbuene i Nesvåg fortel om andre tider enn i dag. Etter det eg har høyrt, er golvborda ikkje spikra, så når det var pålandsvind og høg sjø før moloen kom, så blei ikkje golvet revet i stykker sidan det var fleksibelt.

Triveleg å koma til Vatland og sjå den flotte installasjonen som har kome på plass sidan sist eg for forbi.

Som gammal snårefangar så kan eg ikkje sjå eit eit raunbærtre med bær utan å kjenna det kribla i skrotten.

Det er godt med skilta som viser kor langt ein har kome på vegen, og og eit eg trefte på rett før Birkeland har i tillegg gjort nytte som blink.

Midt i slitto har brenneslo funnen stad, og ho får vera i fred for dyra som Beier. Frå gamalt var planten nytta som tekstilplante, men ikkje av den beste sorten.

Frå Birkeland hadde det kome ny asfalt på vegen, men ikkje lenger enn til skulehuset på Gyland kor eg hadde ein liten rast med ein Nero – sjokolade og vann. Videre var det grus med asfalt kor det var mest nødvendig. Denne asfalten kom då eg var ordførar og kommunen uventa fekk nokre pengar. Då ble i det delasfalt der kor det var størst behov.

Trist å sjå at gamle kulturbygg, om enn små, fell saman og fortsvinn ut av historia, men enn så lenge står nabobygget.

Eg har arbeidd litt me gamle danseplass i Sokndal og fekk for ei tid sidan fortalt at det var ein mellom Gyland og Åvendal kor ungdom frå gardene både i Eigersund og Sokndal møttest. Det som fascinerte meg mest, var at det var ein bekk ved danseplassen som hadde navnet Brennevinsbekken. Kvifor det navnet? Eg tenkte det var der dei la flaskene for at dei skulle bli kalde, men ei anna forklaring var at mange fall i bekken når dei hadde drukket for mykje.

For fyrste gongen såg eg det nya krysset ut på Rv 44. Eg voner det fungerar godt.

Attmed Spjodevatnet stund det fleire bikuber på den gamle traseen av eitgersundsvegen , og eg ville sjå koss aktiviteten var, men det var ein bie som ikkje ville har meg der og stakk meg i fingen, og det svei så eg kjende det.

Vel heimkomen var fårikålen klar og potetane trengte ti minutt til.

Søndagstur til Lio

Det blei tur til Lio i dag sidan det var åpen hytta. Regn og mykje vatn så elv og bekkar var brune av humus. 


Ein svartsniggel hadde eit herremåltid på ein sopp i vegkanten medan ei blåklokke måtte nøya seg med det som var å henta i ei skåra i fjellveggen. 


I år kan fuglane rektig kosa seg i raunbærtrean. Då eg var guttunge samla me mykje raunbær som me la på høystaen så me hadde til snårefangsten seinare på hausten. Det var spanande å gå i snårene både før og itte skuletid. 
Eit år det var lite raunbær nere i dalen, var det nokre ungdommer, litt eldre enn okke, som hadde vore heilt på Steinsland for å skaffa raunbær.


Det var blautt frå Blåfjell og opp. Flott at ein har starta å utbetra hengebruo.


Det var ikkje mange som hadde funne vegen opp – eg auka antallet med 50 %!
Det smakte godt med vaffelkage og kaffi, og ein samtale om dagens tekst frå Lukasevangeliet med hovedfokus på raushet. Takk til vertskapet Sigbjørn og Anita! Det blei okke tri.

Sykkelen venta som vanleg trufast der eg hadde sett han. 


Plattformgruvo var open, noko ho ikkje skal vera pga tryggleiken. Den som hadde låst, kan ikkje ha løfta blikket og sett at det bare var å løfta den låste kjettingen for å opna porten.
Mange til fots, så det var godt med sykkelbjølla sidan ein kjem så stille og nokre stadar er det bratt på ytterkanten.

Krigsminner m.m.

I dag blei det tur til Jansholet for å dokumentera krigsminner til ei bok om Dalane. Skydekket var lågt og stien frå Bu var nokre stader små bekkar som blei dempa av trerøtene som passar på jordsmonnet så det ikkje endar i havet.

Den gamle stien var skolevegen for ungane fra Ræg, Dydland og Jansholet som skulle til skulehuset i Bu før det blei skule i Li. Det må ha vore ei utfordring for dei små i vind, snø og regn, men og i godversdagar.

Kantarellane langs stien minna meg om at at eg snart må ta meg ein tur på jakt etter sopp.

Når ein ser på alt det arbeidet tyskerane gjorde i Jansholet for å byggja opp eit forsvar mot dei allierte, så er det imponerande. Grunnmurar, trapper, vannreservoar kanonstillingar, veg og tillfluktarom, så er det grundig arbeid.

Det mest imponerande byggeverket sett med mine auge, er utkikksbunkeren med kompassrosa i taket gjorde at ein hadde god kontroll på posisjonen til dei ulike fartøya som passerte. For fyrste gong såg eg at dei tyske soldatane hadde skrive datoen i den blaute betongen då dei endeleg var ferdige: 10.10.41. Det må ha vore eit slet å få all betongen opp på fjellhylla.

Alle grunnmurene viser at det må ha vore fleire hundre soldatar stasjonert i Jansholet, så det var ikkje rat at den fastbuende familien fekk riva huset sitt og flytta til Stranno.

Minibekk i trappa.

Humlenes innsats

Humlene har gjort ein god pollineringsjobb. Stikkelsbær er ein av favorittane mine når det gjeld hagebær.

Liljene på marko

Sjå te liljene på marko, koss dei vekse. Dei streve ikkje og spinne ikkje, men eg seie dokke: Sjel ikkje Salomo i all sin prakt var kledde så ein av dei! Mt.6. 28 – 29.

Kållarver

Prisen for å ha kålsommerfugla i hagen er larvestadiet. Eg prøvde om hønsan ville ha proteintilskod i kosten. Dei sjekka dei krelande larvane, men dei fekk vera i fred. Eg må nok estimera dei aleina.

Sykkeltur

Kjekk sykkeltur til Okka by i dag for å handla någe te katten. Når ein fere langs vegkanten er det alltid noko å stoppa for å sjå på enten i eit stille vatn, ein halvsirkel av kvist og kvas, vindmøller som mest ikkje roterer. Krigsminne med utsikt mot Lista, Norges finaste piba som eg alltid må kasta eit blikk på i forbifarten før eg i dag havna på torget ( egersundsk: torvet ) for ein softis ved eit av borda. Eg skulle ikkje begynt å tella sneipar, for det var deprimerande mange. 
På returen måtte eg stoppa og beundra eit flott hus som gjer meg godt når eg passerer det – berikande med sånne hus som det må vera litt av ein jobb å mala. – ein takk til dei som tar seg bryet!

Makrell

Eg fekk flott makrell i dag, og då får eg brukt sagasponen eg har samla av jøderis og eig. Varmrøykte makrell på desse to vedslaga er berre lekkert.

morgentur 7. juli

Morgenturen i dag gjekk til Hølen og litt vidare. Formålet var å fotografera vad og bruer opp til utløpet av Steinsvatnet. 
Eit flott landskap å sykla i opp til Bakka og så med apostlane sine hester langs den gamle vegen vidare. 
Strekningen opp mot Bakkabruo er ein av favorittane mine med veldig mange flotte tre langs elvo sjølv om feriestene ikkje er mannevenlege, i alle fall ikkje i nerøvebakke med god fart. 
Det er mykje spanande å sjå i fjellsidene kor det stadig raser – ser ut som kubistiske maleri!
Frå Ørsland og inn mot Hølen er det mange hotletrea, og då far min arbeide i gruvene på Sandbekk, kjøpte han nødda av ein arbeidskamerat frå Ørsland, og dei hadde me heilt til jul.
Hølen var eit trafikkknutepunkt både gjennom Toksarossdal mot aust og Barstadrossdal mot Egersund, nordover til Steinevatnet og ned mot dalen frå Hølen over Ørsland og til Lindland. 
Det var derfor ganske fornuftig å leggja ei vadmelstampa i Hølen og bruka vasskraft. Truleg den første industriverksemda i Sokndal. I dag ser ein berre grunnmuren kledd i grønt.
Kem så har gløymd stolane sine i skogen er ikkje godt å seia, ei heller kem så har rissa navnan sine i borken for å tilkjennegi sin kjærleik.
På returen trefte eg på ein liten fugleunge som gøymde seg i vegatsjonen.
Sykkelen et tålmodig og ventar gjedna nokre timar utan å klaga.