Krigsminner m.m.

I dag blei det tur til Jansholet for å dokumentera krigsminner til ei bok om Dalane. Skydekket var lågt og stien frå Bu var nokre stader små bekkar som blei dempa av trerøtene som passar på jordsmonnet så det ikkje endar i havet. Den…

Humlenes innsats

Humlene har gjort ein god pollineringsjobb. Stikkelsbær er ein av favorittane mine når det gjeld hagebær.

Grip sjansen når han finnes!

Liljene på marko

Sjå te liljene på marko, koss dei vekse. Dei streve ikkje og spinne ikkje, men eg seie dokke: Sjel ikkje Salomo i all sin prakt var kledde så ein av dei! Mt.6. 28 – 29.

Kållarver

Prisen for å ha kålsommerfugla i hagen er larvestadiet. Eg prøvde om hønsan ville ha proteintilskod i kosten. Dei sjekka dei krelande larvane, men dei fekk vera i fred. Eg må nok estimera dei aleina.

Sykkeltur

Kjekk sykkeltur til Okka by i dag for å handla någe te katten. Når ein fere langs vegkanten er det alltid noko å stoppa for å sjå på enten i eit stille vatn, ein halvsirkel av kvist og kvas, vindmøller som mest ikkje roterer….

Makrell

Eg fekk flott makrell i dag, og då får eg brukt sagasponen eg har samla av jøderis og eig. Varmrøykte makrell på desse to vedslaga er berre lekkert.

morgentur 7. juli

Morgenturen i dag gjekk til Hølen og litt vidare. Formålet var å fotografera vad og bruer opp til utløpet av Steinsvatnet. Eit flott landskap å sykla i opp til Bakka og så med apostlane sine hester langs den gamle vegen vidare. Strekningen opp mot Bakkabruo er…

Roser som klarer seg sjølv

Dei rosene i hagen som må greia seg sjel, er dei som greie seg best. New Dawn held på å klatra opp på taget av Steinbuo og har gått i kompaniskab med drueplanten rundt hjørna som trenge meir plass. Dei helde kverandre oppe som…