Krigsminner m.m.

I dag blei det tur til Jansholet for å dokumentera krigsminner til ei bok om Dalane. Skydekket var lågt og stien frå Bu var nokre stader små bekkar som blei dempa av trerøtene som passar på jordsmonnet så det ikkje endar i havet.

Den gamle stien var skolevegen for ungane fra Ræg, Dydland og Jansholet som skulle til skulehuset i Bu før det blei skule i Li. Det må ha vore ei utfordring for dei små i vind, snø og regn, men og i godversdagar.

Kantarellane langs stien minna meg om at at eg snart må ta meg ein tur på jakt etter sopp.

Når ein ser på alt det arbeidet tyskerane gjorde i Jansholet for å byggja opp eit forsvar mot dei allierte, så er det imponerande. Grunnmurar, trapper, vannreservoar kanonstillingar, veg og tillfluktarom, så er det grundig arbeid.

Det mest imponerande byggeverket sett med mine auge, er utkikksbunkeren med kompassrosa i taket gjorde at ein hadde god kontroll på posisjonen til dei ulike fartøya som passerte. For fyrste gong såg eg at dei tyske soldatane hadde skrive datoen i den blaute betongen då dei endeleg var ferdige: 10.10.41. Det må ha vore eit slet å få all betongen opp på fjellhylla.

Alle grunnmurene viser at det må ha vore fleire hundre soldatar stasjonert i Jansholet, så det var ikkje rat at den fastbuende familien fekk riva huset sitt og flytta til Stranno.

Minibekk i trappa.

Legg inn en kommentar