Birkeland rundt

Det var mykje folk i kjerko i dag med presentasjon av konfirmantane og dåp av presten si dotter – Lydia. Søndagens tekst var frå Johannes 4 om kvinna som kom og til Sykarsbrønnen for å henta vatn på eit tidspunkt då ho ikkje ville treffa andre – for ho var avvist og ville ikkje treffa dei andre landsbykvinnene fordi ho var ei dei snakka om, men ikkje med. Der sat Jesus medan disiplane var i landsbyen og handla mat. Møtet hennar med Jesus ,blei eit vendepunkt, for han såg henne som den ho var utan å avvisa. Noko nytt kunne ta til.

Eg hadde planlagt ein tur til Løyning ved Øvre Myssa, men det var for varmt til å labba i heio, så det blei sykkeltur rundt Birkeland og Åvendal etter at eg hadde fått fårikålgryta på kog og avtalt med Randi at eg skulle ringa når eg kom til Selebø så ho kunne setje på poteane.

Eg har sykla denne rundløype mange gonger, men det er alltid noko nytt å sjå. Eg har ein ståande invitasjon om ein kaffestopp i Stien, men på grunn av fårikålen, må eg venta med han.

Iglekjødno inviterer ikkje meg til bading med det navnet.

Vågan er ein stad eg alltid tek ein stopp kor Nordsjøen møter holmane som verner sjølve vågen. Utaskjærs stevner to seilbåter mot nord for fulle segl og inne i vågen ligg ei hytte som ikkje treng plenklyppar. På fjellveggen står ein anonym plakett og fortel viktig norgeshistorie om dert som skjedde her då Altmark passerte langs kysten for å søka havn i Jøssingfjor. Vegen langs Vågan og til Nesvåg ble til som nødsarbeid med brua inst i vågen som eit harmonisk smykke.

Rekka med dei gamle, grå sjøbuene i Nesvåg fortel om andre tider enn i dag. Etter det eg har høyrt, er golvborda ikkje spikra, så når det var pålandsvind og høg sjø før moloen kom, så blei ikkje golvet revet i stykker sidan det var fleksibelt.

Triveleg å koma til Vatland og sjå den flotte installasjonen som har kome på plass sidan sist eg for forbi.

Som gammal snårefangar så kan eg ikkje sjå eit eit raunbærtre med bær utan å kjenna det kribla i skrotten.

Det er godt med skilta som viser kor langt ein har kome på vegen, og og eit eg trefte på rett før Birkeland har i tillegg gjort nytte som blink.

Midt i slitto har brenneslo funnen stad, og ho får vera i fred for dyra som Beier. Frå gamalt var planten nytta som tekstilplante, men ikkje av den beste sorten.

Frå Birkeland hadde det kome ny asfalt på vegen, men ikkje lenger enn til skulehuset på Gyland kor eg hadde ein liten rast med ein Nero – sjokolade og vann. Videre var det grus med asfalt kor det var mest nødvendig. Denne asfalten kom då eg var ordførar og kommunen uventa fekk nokre pengar. Då ble i det delasfalt der kor det var størst behov.

Trist å sjå at gamle kulturbygg, om enn små, fell saman og fortsvinn ut av historia, men enn så lenge står nabobygget.

Eg har arbeidd litt me gamle danseplass i Sokndal og fekk for ei tid sidan fortalt at det var ein mellom Gyland og Åvendal kor ungdom frå gardene både i Eigersund og Sokndal møttest. Det som fascinerte meg mest, var at det var ein bekk ved danseplassen som hadde navnet Brennevinsbekken. Kvifor det navnet? Eg tenkte det var der dei la flaskene for at dei skulle bli kalde, men ei anna forklaring var at mange fall i bekken når dei hadde drukket for mykje.

For fyrste gongen såg eg det nya krysset ut på Rv 44. Eg voner det fungerar godt.

Attmed Spjodevatnet stund det fleire bikuber på den gamle traseen av eitgersundsvegen , og eg ville sjå koss aktiviteten var, men det var ein bie som ikkje ville har meg der og stakk meg i fingen, og det svei så eg kjende det.

Vel heimkomen var fårikålen klar og potetane trengte ti minutt til.

Legg inn en kommentar