Søndagstur til Lio

Det blei tur til Lio i dag sidan det var åpen hytta. Regn og mykje vatn så elv og bekkar var brune av humus. 


Ein svartsniggel hadde eit herremåltid på ein sopp i vegkanten medan ei blåklokke måtte nøya seg med det som var å henta i ei skåra i fjellveggen. 


I år kan fuglane rektig kosa seg i raunbærtrean. Då eg var guttunge samla me mykje raunbær som me la på høystaen så me hadde til snårefangsten seinare på hausten. Det var spanande å gå i snårene både før og itte skuletid. 
Eit år det var lite raunbær nere i dalen, var det nokre ungdommer, litt eldre enn okke, som hadde vore heilt på Steinsland for å skaffa raunbær.


Det var blautt frå Blåfjell og opp. Flott at ein har starta å utbetra hengebruo.


Det var ikkje mange som hadde funne vegen opp – eg auka antallet med 50 %!
Det smakte godt med vaffelkage og kaffi, og ein samtale om dagens tekst frå Lukasevangeliet med hovedfokus på raushet. Takk til vertskapet Sigbjørn og Anita! Det blei okke tri.

Sykkelen venta som vanleg trufast der eg hadde sett han. 


Plattformgruvo var open, noko ho ikkje skal vera pga tryggleiken. Den som hadde låst, kan ikkje ha løfta blikket og sett at det bare var å løfta den låste kjettingen for å opna porten.
Mange til fots, så det var godt med sykkelbjølla sidan ein kjem så stille og nokre stadar er det bratt på ytterkanten.

Legg inn en kommentar