Roser som klarer seg sjølv

Dei rosene i hagen som må greia seg sjel, er dei som greie seg best. New Dawn held på å klatra opp på taget av Steinbuo og har gått i kompaniskab med drueplanten rundt hjørna som trenge meir plass. Dei helde kverandre oppe som gode venner.

Taubanen på Dydland

I morges blei det tur til Dydland saman med familien som er på helgetur i Jøssingfjord. 
Torneveret gjorde at me måtte setja oss i ly under fjellet før me kom fram til målet: restane etter kaolinførekomsten. 
Det gjekk taubane heilt frå Dydland til Holmen i Jøssingfjord – eit strekk på minst 3 kilometer! 
I følgje bygdeboka for Jøssingfjord, blei den fyrste kraftstasjonen i Dalane bygd for å tjena både taubanen og chamottefabrikken på Holmen. Andre kjelder meiner banen blei drifta av vannkraft frå Libekken, heilt nede ved Nodevigo.
I går snakka eg med ein som hadde funne ei gamal gruve, truleg kaolin, mellom Dydland og Bu så eg tok den vegen attende, men utan å finna gruvo som eg forstod var omlag 50 meter djup. Eg set min lit til at bror min finn ho på ein av turane sine og då får eg guide.